eg sletter orda om det skoddelagte landskapet som omgir huset der eg skruer på vasken og let vatnet renne. eg sletter orda om at eg står der og ser og høyrer og fornyer meg i lyden og synet av rennande vatn. det er noko så kontrollert og forutbestemt i dette røyrlagte, temde. ei bølge av gråt i brystet og ei munnfull spytt bakom tennene.
6. april 2011 kl. 13.02
onsdag 6. april 2011
tirsdag 5. april 2011
tvilen kommer den tiltalte til gode
klart jeg var sinnsyk i gjerningsøyeblikket
hemningsløs svevde jeg over bakken med en hjerne av stål og bommull
navnet ditt, navnet ditt
klart jeg hvisket navnet ditt
hele natten
stemmen
Eg ber deg ein gong,
berre ein gong ber eg deg kome bort
til bordet der eg sit.
Hendene
og servietten som suger til seg vatnet.
Ringen på fingaren som har vore borte i så mykje.
Denne handa har opplevd så mykje som ho aldri kan fortelje
ikkje til deg,
denne handa sit så langt frå den raude munnen.
Dei nypussa tennene og dei oppetne neglene.
Servietten trekker til seg vatnet
som havner på bordet når du tek ein slurk av glaset ditt
og ler;
spruter vatn utover bordet
og brevet som ligg der.
Eg kan ikkje lenger hugse deg, ordrett.
Ordlyden.
Berre du kunne sette saman histora på den måten.
Eit godt liv kan ein ikkje garantere seg.
Ein skal ha respekt for alt det ein kunne ha vorte,
om ein hadde vorte verande.
Kvart over åtte slår du eit telefonnummer.
Ein indrestemme
kan
endre alt.
berre ein gong ber eg deg kome bort
til bordet der eg sit.
Hendene
og servietten som suger til seg vatnet.
Ringen på fingaren som har vore borte i så mykje.
Denne handa har opplevd så mykje som ho aldri kan fortelje
ikkje til deg,
denne handa sit så langt frå den raude munnen.
Dei nypussa tennene og dei oppetne neglene.
Servietten trekker til seg vatnet
som havner på bordet når du tek ein slurk av glaset ditt
og ler;
spruter vatn utover bordet
og brevet som ligg der.
Eg kan ikkje lenger hugse deg, ordrett.
Ordlyden.
Berre du kunne sette saman histora på den måten.
Eit godt liv kan ein ikkje garantere seg.
Ein skal ha respekt for alt det ein kunne ha vorte,
om ein hadde vorte verande.
Kvart over åtte slår du eit telefonnummer.
Ein indrestemme
kan
endre alt.

netthinna
Du set deg framfor tv, ser på ein krimserie, fullpakka med bileter som du inderst inne ikkje ynskjer å behalde på netthinna. Kvifor held du oppe augo. Kvifor lukker du opp augo om morgonen. Kvifor opner du munnen når vekkerklokka ringer, lyfter handa og får mobilen til å halde opp med å ringe. Augevippene er håplaust svarte. Du kan ikkje la være å legge merke til dei mjuke hoftene.
Femten år seinare lurte du på om du hadde endra deg. Du klypper neglene og kjøper eit par joggesko. Eit lilla par joggesko skal føre deg til verda sin ende.
Det vil ingen ende ta.
5. april 2011 kl. 15.47
Brems!
Å få med seg alt i livet.
Genetikken
og alt ein ikkje kan gjere seinare.
Når andletet har vorte gamalt.
Å selje seg høgstbydane.
Å gi seg til verda,
gi slepp på noko,
hengi seg.
Ein heilt vanlig dag av det uvanlieg slaget.
Eit egg og ei eggcelle.
Eit hjata så hardslåande og bankande at dørene opnar seg
Genetikken
og alt ein ikkje kan gjere seinare.
Når andletet har vorte gamalt.
Å selje seg høgstbydane.
Å gi seg til verda,
gi slepp på noko,
hengi seg.
Ein heilt vanlig dag av det uvanlieg slaget.
Eit egg og ei eggcelle.
Eit hjata så hardslåande og bankande at dørene opnar seg
det er ikkje gull alt som glimrar
Forbannelsen heng som ei lysekrone i taket.
Vinden spelar på dei polske krystallane.
Lyset formeirar seg,
regnebogefarga breier det seg utover
Vekker ei fluge som har overvintra i stova
17. juli 2009 kl. 15.43
mandag 4. april 2011
som om livet skal vare evig
Eg vil henge att i eit ekko
frå sko: pollerte og listande.
Trinn og tastaturklikk skal forfylje deg dit.
Du plantar eit tre.
*
Mi er verda og det som fyller henne, den little tida eg er tildelt tribuneplass. Eg heier på dei kvite, dei blå og dei med raude kinn.
*
Brystet skal heve seg når ho ler, og ho skal le så klingande og lystig at smilebånda havnar på sjukehus med strekkskader.
*
Eg dreg langt ned i lungene hennar, finn eit myrulldekorert landskap
som vaiar i dei svake innpusta.
*
Eit frimodig hjulbeint hjarta, med pulsslag
som hamrar på trommehinnene til dei som står i nærleiken.
*
Som ein avventande orkideknopp, som brått opnar seg og står der
- som om livet skal vare evig.
*
Eit insiterande vesen med ein garderobe i gjennomsiktige spindelvevkostymer
kjem til å ta pusten frå kven som helst
*
Kleda, sommerfuglvengjefarga merinoullklede utan glidelås, mjukt mot huda som held henne saman.
*
Eg ville føde fjørlette føter med silkemjuke sko, ei verhårkjenslege røyrsle skulle smyge seg gjennom livet; i ei svak lukt av vaniljestang.
ugras
Dei syng No livnar det. Heile skapingen stundar. Herifrå og fram til sumaren ligg eg der, før avisa skriv om atter som eit under: nytt liv av daude gror. Opp av den jordpålagt kroppen veks det no noko grønt.
4. april 2011 kl. 17.18
Alle ord er brukt opp, alle orda som eingong var
Du skal stå oppreist før du sett deg, og du skal leggje beslag på dei songane dei andre har hatt på leppene sine. Stemmebanda deira skal vibrere ukontrollert og fram mot hagen skal du bærast av seks sterke menn. Han eine skal sette seg i stolen. Han kan ha ein grå pelsen på skuldrene og gullringen rundt fingaren til venstre er muligens svært stram og nedsleten. Han skal be deg oppføre deg som støv. Han skal be deg å telle dine dagar, så du kan få visdom i hjarta, og du skal høyre på han. Tru og vert vis, for du veit ordet av det.
handleliste og skolisse og liste over dette andre...
Eg ville føde fjørlette føter med silkemjuke sko, ei verhårkjenslege røyrsle skulle smyge seg gjennom livet i ei svak lukt av vaniljesaus.
ei siste tåre- på eit romtemterert kinn
Augo hennar, dei spell levande vakre augo: foreviga som djupe tjern av innsikt. Dei lange stilkane sloss om vatnet i den avlange oasisen. Liljene overlevde lengst. Publikum hang med hovuda sine heile ettermiddagen. Dei sat samanbunde med usynlege ståltrådar. Bryna rynka seg. Dei kraftige øyreflippane rasla og den overjordiske høyrselen lista seg inn under skallebeinet. Det fleirstemte koret heiv seg opp på dei hjarteskjærande tonane. Dei sprengde veggane: Songen framkalla ei siste tåre på eit romtempererte kinn.
Ho trakk dei til seg, inn i huset. Med svoltne hjarter fylte dei magesekken med orgelspel og fugleskrik. Dei var samla no; sangstemmane med svanelange nygerrige halser. Skulderputene sat langt frå kvarandre.
(Alle ord var sagt, musikken stillna. Du var den einaste som kunne bevare minna av dette aldri stumme menneskje, som i bronse var komen for å bli.)
Ho trakk dei til seg, inn i huset. Med svoltne hjarter fylte dei magesekken med orgelspel og fugleskrik. Dei var samla no; sangstemmane med svanelange nygerrige halser. Skulderputene sat langt frå kvarandre.
(Alle ord var sagt, musikken stillna. Du var den einaste som kunne bevare minna av dette aldri stumme menneskje, som i bronse var komen for å bli.)

I byrjinga var ordet, svart og hemningslaust
Eg opnar ei bok. Les dei tre fyrste sidene. Eg hentar kleda i vaskemaskinen, heng opp dei tre øverste sokkane. Eg opner brødskuffa, finn fram ein ostehøvel. Eg går ut i hagen med ei spade. Plukker opp ein stein og kaster han inn under busken som skiljer meg frå naboens familieliv.
Eg syklar til biblioteket. Sett meg inne i ei krå med tre som allerede sit der. Bak meg sit ein som streker under. Eg kjenner att lyden og snur meg ikkje.. Etter eit kvarter er det ein som strekk kroppen sin; han tek ein slurk av vatnflaska si, gir frå seg dyriske strekkpåkroppenlydar. Ho som sit bak han fyljer opp med ein insiterande gjespelyd. Magen min lagar kamellydar. Eg har ete, tarmane skrik og knirkar og syng. Eg vurderer å reise meg frå den turkise plaststolen å finne ein anna krok, utan så mange øyrer.
Kva i all verda ligg til grunn for at ein ynskjer å skrive ei heil samenhengjande bok. Folk får ungar som dei må fylje opp. Kan eg føde ein tekst, som skal vekse og formeire seg i vrimmelen; ei annsamling bokstøv- så intenst at det ville få ein allergiker til å nyse på flekken.
fredag 1. april 2011
Abonner på:
Innlegg (Atom)