mandag 4. april 2011

som om livet skal vare evig



Eg vil henge att i eit ekko 
frå sko: pollerte og listande. 
Trinn og tastaturklikk skal forfylje deg dit.
Du plantar eit tre.


*


Mi er verda og det som fyller henne, den little tida eg er tildelt tribuneplass. Eg heier på dei kvite, dei blå og dei med raude kinn.


*


Brystet skal heve seg når ho ler, og ho skal le så klingande og lystig at smilebånda havnar på sjukehus med strekkskader.


*


Eg dreg langt ned i lungene hennar, finn eit myrulldekorert landskap
som vaiar i dei svake innpusta.


*
Eit frimodig hjulbeint hjarta, med pulsslag
som hamrar på trommehinnene til dei som står i nærleiken.


*


Som ein avventande orkideknopp, som brått opnar seg og står der
- som om livet skal vare evig.


*


Eit insiterande vesen med ein garderobe i gjennomsiktige spindelvevkostymer
kjem til å ta pusten frå kven som helst


*


Kleda, sommerfuglvengjefarga merinoullklede utan glidelås, mjukt mot huda som held henne saman.


*


Eg ville føde fjørlette føter med silkemjuke sko, ei verhårkjenslege røyrsle skulle smyge seg gjennom livet; i ei svak lukt av vaniljestang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar