mandag 4. april 2011

ei siste tåre- på eit romtemterert kinn

Augo hennar, dei spell levande vakre augo: foreviga som djupe tjern av innsikt. Dei lange stilkane sloss om vatnet i den avlange oasisen. Liljene overlevde lengst. Publikum hang med hovuda sine heile ettermiddagen. Dei sat samanbunde med usynlege ståltrådar. Bryna rynka seg. Dei kraftige øyreflippane rasla og den overjordiske høyrselen lista seg inn under skallebeinet. Det fleirstemte koret heiv seg opp på dei hjarteskjærande tonane. Dei sprengde veggane: Songen framkalla ei siste tåre på eit romtempererte kinn.

Ho trakk dei til seg, inn i huset. Med svoltne hjarter fylte dei magesekken med orgelspel og fugleskrik. Dei var samla no; sangstemmane med svanelange nygerrige halser.  Skulderputene sat langt frå kvarandre.

(Alle ord var sagt, musikken stillna. Du var den einaste som kunne bevare minna av dette aldri stumme menneskje, som i bronse var komen for å bli.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar