Hissige tankar rundt festen som kjem etterpå
Dersom eg skulle døy, skal sentralborddama ikkje ein gong få ta på kista, dersom eg vart lagd i ei. Ho kan grine så mange tårer ho vil, men meg eig ho ingen oblat i. Ho kan berre våge å luke vekk eit einaste ugras. Ikkje på mi grav. Då skal eg ikkje berre snu meg i graven, eg skal sende eit vindkast så kaldt og surt at ho ville skynte seg heimover.
Dersom eg skulle døy, skal ho ikke få sjå meg dø. Ho kan kome til kyrkja som alle dei andre, om ho vil det. Ho kjenner vel at ho må og burde fylje kista ut til det svarte holet, men for meg kunne ho heller reist på kafe og gumla i seg nokre smørbrød med reker der.
Dersom eg skulle døy kan folk skriva navnet sitt i hulter til bulter på sløyfa, på kransen. Gjerne speglevendt og baklengs og den minst viktige øverst i gull, og den kjæraste lite, i siste liten, med ein blå kulepenn. Eg skal ha regn i begravelsen uansett. Heile himmelen skal grine for meg, over alt det eg ikkje rakk å oppleve. Eg ville leve lengst mulig. Eg skal verte 96 år.
Om eg skulle døy skal eg gjøyme den kvite huda, inn under kistelokket fortast mogleg. Folk kunne gjerne skrible på kistelokket, dei kunne tapensere den med fotografi i frå den gongen då dei kjende meg som best. Dei kunne kviskre ut i lause lufta, om det var noko dei ville seie meg, men ikkje til den kalde kroppen. Sjela er ikkje der, og det er meiningslaus å brenna fast ein haug med knoklar på netthinna. Eg vil være dau i fred.
Dei kan pakke meg inn i ull, med ei mjuk varm dyne. Eg likar metaforen med at ein kviler. Å gå bort. Å slutte å snorke. Om det var sterke bærarar, og eg ikkje var så altfor feit, kunne eg ha nokre gode bøker i kista, litt gull og eit par fine lommesteinar. Ikkje for at eg trong det, men for at dei kunne lure; om dei mot formodning skulle grave meg opp att. Eg tenke meg å balasarmerast. Kva om dei fylde kista med gips. To former. Så kunne dei opne den opp når eg var vekke; lage ein fin skulptur til grava. Eg har høyrt at dei har ein skanner, som kan lese av alle punktene og deretter skjære forma ut med lasar. I tre eller stein. Det hadde vore noko. Ein smilandes glad skulptur på toppen av grava, som kunne vinke til dei som ruslar på stien nedanfor, dei som snakkar om livet og kor dei skulle liggje etter at dei vert kalde.