torsdag 24. mars 2011

langt ute på jordet....


Sakner dei små plassane der ein kan gå inn og setje seg ned og bestille ein kaffi og nyte vårsola innanfrå eit nyvaska vindu.

Eg sit med jord under neglene. Kjenner bakken bite, kontrolerte morse signal; kulde. Augo myser automatisk mot det skarpe vårlyset. Heile føremiddagen har eg flytta på den svarte jorda. Lass på lass, i ei tralle med berre eit hjul. Ei båre.

No byrjar det å mørkne. Eg parkerer trillebåra ved garasjen. Med ei spade bankar eg jorda flat, som resten av dette jærske landskapet. Midt i den friske molda grev eg ned ei tue snøklokker, henta frå ei krå inn under eit av trea. Eg tek berre halve tua. Pyntar med runde skjell. Plantar tankar om ein gjenstand eg har mista. Kvil i fred. Kvil. Eg sår. Dyrkar grønsakshage. Veks vesle sennepsfrø, veks!

Eg er kledd ei ein kvit nattkjole. Huda er nærast blå på denne tida. Føtene er bare. Den blaute bakken dreg kroppen nedover for kvart steg. Bortetter, bortover. Snart er eg så langt heimanfrå, at eg ikkje kan sjå det raude huset der vi budde.

Fuglane har vendt tilbake. Dei seier det er Lerka. Dei gamle kan høyre på lyden kva det er slags skapning som flyg over hovudet på oss. Eg kallar dei ufoar. Svarte, grå og kvite ufoar, med skarpe grådige nebb, som elskar. Augeeple og epleskrottar. Namm. Kra-krammm.

Midt ute på jordet legg eg meg på kne. Kryp omkring på leit etter steinar. Bygger meg ei lita borg og inntek forsvarstillinga. Knytte hender. Spendt overkropp.

Eg må ha sovna slik, for eg vaknar av at den eine foten søv. Det pip. Det er mobilen min, som av ein eller anna grunn har fulgt etter meg. Han heng fast i den eine fletta, virra inn i håret som ein floke. Hendene er så frosne at eg slit med å trykke på den grøne knappen. Der, gjennom røyret, og like nær øyra mitt høyrer eg stemmen din. Det er du, det er deg, ler eg! Eg har sakna deg så lenge. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar