Eg brukar sjekke søppelet ditt
for å ha ei aning om korleis du har det.
Eg ser kva du et
og kvifor nokre klær du kvittar deg med.
På tirdag
kasta du den grøne strikkegensaren,
den du fekk av meg til jul.
Eg hadde ikkje hjarta til å gi slepp på han,
difor tok eg plagget med meg heim.
Eg må ha vorte slankare sidan sist,
for no passe han heilt perfekt.
I grønt sit eg,
og i det grøne kan eg framleis lukte deg.
10. august 2009 kl. 17.02
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar