torsdag 24. mars 2011

ord utan gullkant


Eg skal male eit bilete, så svart at mørket vert usyneleg.

Der, midt i eit bortgløymt ekko skal eg møte deg med opne armar. Eg skal halde rundt deg til du sovnar. I draumen skal du ri på ein hest med kvite føter. Ei høg røyst skal rope til alle fuglane, og dei skal ete seg mette. Raudt er kjøtet, mørt og fylt av kjærleik. Hjarta som hamrar og hammaren som slår på sparegrisen til han knuser.

Eg skal halde rundt deg til du sovnar. Når munnen din opnar seg skal eg puste kvite dunfjør rundt i rommet. Du skal flyge utan vinger, og glorien din skal lyse som ei lommelykt.

Høyr, du som har øyrer. Våren gror. Såra klø, og når frostrøyken står ut av munnen vår, skal vi gå på vatnet. Vi skal halde kvarandre i hendene med same kraft som svanene som flyr over hovudet på oss.

Du skal slutte å tenke. Full av tillit skal du legge handa di mot den mjuke hestemulen. Det skal væra tri ting som er for underfulle for deg, og fire ting du ikkje skjønar. Ørna skal flykt inn i mørket og du skal verta blenda av den lysande sola som går ned i vest.

Du skal ete, og så skal du torke deg rundt munnen og seie at du ikkje har gjort noko gale. Mauren skal formeire seg under månen, og mette skal dei danse i mjuk melis. "Det er tri som går med stolte skritt og fire som har vakker gange."

Grip fatt i dagen si ukneppa skjorte og kle deg i silkemjukt edderkoppspinn. Et sukkerspinn og le som ein uredd.

Vær ikkje redd, for dei kjem ikkje inn i dette fløyelsmjuke mørke. Dei som har vaks i håret og dei som brukar kam. Her er lukta av ekte svette. Dialekta di er ærleg og du møter spegelen utan å blunke. Sei elfenbein. Rop Hjørnetann. Vær her hjå meg, og kom heim når du kjenner magen rumle.

Di er verda og det klarer halde mellom hendene. Dikt deg ei himmelseng, og legg deg til å sove i den mjuke ulla. Ein dag ventar på deg, og han er avkledd og utan knoppar. Årringane kler på deg, og andlete ditt er brodert med smilerynker.

Herifrå og heile vegen vidare kaller eg deg med navn. Du flaksande, blomstrande. "Klypp det lange håret ditt og kast det!"

"Kven er det som fell og ikkje står opp, reiser og ikkje kjem attende?"

Midt i eit bortgjøymt ekko skal eg finne deg, og du skal ha knokklar av gull og augo dine skal lyse i mørket, slik dei gjer på kattar som er ute på jakt.

"Til sist, i dager som kjem, skal du forstå det heile"

Som ein kalv som ikkje er temma skal du forsvinne ut på det kløvrande jordet og jorda skal halde pusten. Lev vel!




27. februar 2011 kl. 20.39

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar