torsdag 24. mars 2011

lommerusk


Då dei heiste kista ner i jorda, var eg allerede jord. Av jord er eg komen og av jord skal eg atter oppstå. Då skal eg sveve over dei alle, vektlaus, og mjuk. Dei skal knytte hendene sine i lommane, og eg skal være lommekjend, og snika meg i hendene på dei, i form av ein stein eller ein bruskork, eller kva slags lommerusk dei enn måtte ha der.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar