A
avisa og alt som står i der
det som ikkje står
og det vi ikkje veit enno
skrekken klyp og bit og grafsar
B
i hendene held eg ein tråd
som var din.
den hang på det plagget
som var ditt
varmt mot huda
mjuk mot augo
C
notearket og straumlinjene
eg kjem aldri til å komponere vakkert
syng meg i svevn
men vekk meg neste morgon
ikkje gå
ut den døra
D
fuglen og reiret og smaken av kysset han gav meg
i forbifarten
ei kråke flyg forbi
og ei sett seg i handa og syng
E
lakenet og skåla og skåret i gleda eg nett kravla ut av.
fargane har kome for å bli.
F
legg dei fine mjuke hendene dine på det kvite arket framfor deg
brett ei origamitrane
tusen traner lenger framme høyrer eg ein song
G
ein gong midt på dagen tok eg til å bekymre meg for korleis
eg skal kunne tisse på framande do
utan å kome burt i skåla
når eg vert gamal og toget skranglar
H
blyant og tung ransel
alt det ein ikkje kan viske ut
alt det ein ikkje kan vaske burt
og så denne little steinen
som gneg i skoen
I
Raudt er kjøtet, mørt og fylt av kjærleik.
Hjarta som hamrar
hammaren som slår på sparegrisen til han knusar
J
Årringane kler deg
andlete brodert med smilerynker
før du veit ordet av det
K
Grip fatt i dagen si ukneppa skjorte
Kle deg i sukkerspinn
Le som ein uredd
L
Når munnen din
opnar seg
skal eg puste
kvite dunfjør rundt i rommet
Du skal flyge utan vinger
og glorien din skal lyse som ei lommelykt
M
Eg skal male eit bilete
så svart at mørket vert usyneleg
Der
midt i eit bortgløymt ekko skal eg møte deg
med opne armar
N
Du skal slutte å tenke
Full av tillit skal du legge handa di mot den mjuke hestemulen
O
Mauren skal formeire seg
mette av dage skal dei danse
i mjuk melis.
Det er tri som går med stolte skritt
og fire som har vakker gange.
P
Dagen
så ubarbert at det kittlar
på leggene
Q
eit språkkurs
til eit land som hverken finnes
på stjernehimmelen
eller globusen
R
sånn har vi det her
vi er hverken meir eller mindre enn det vi er
og kleda heng i gangen
S
utan desse botoxfrie grimasa
ville du likna ei papirdukke
utan brettar
T
ei til å gå fyrst
ein til å fylje etter
kakeoppskrifta og handlelista
og han som listar seg opp trappa til do
U
kva er vel eit vepsestikk mot alt dette andre
V
å leggje fingrane tett inntil kvarandre
langs tråden si avgjerande lengde
stave navnet ditt to gonger
det er alt
W
eg kunne knapt minnast alle gongene
eg hadde kledd av deg
kledd på deg
og av deg att
hugen flyttar inn
flyttar ut
Z
det tek ikkje lenger tid å knuse ein kopp
eit lynnedslag
fem forferdelig sårande ord
det er alt.
Y
les høgt utan tonefall
utan takt
utan rytme
med denne same stemmen som du snakkar med
aldri høgtid her inne.
Z
Alle desse hendene som tek på alt
Kjensla av stål mellom tennene
Eg jublar
Alle syng den same songen.
Æ
Ein gong gjekk dei oppreist.
Fleire gonger gjekk dei oppreist.
Nok ein gong står eg oppreist
framfor dagen
Heilt ny og uglasset.
Ø
Hjarta bankar.
Og hjarter skal banke.
Eit verhår kryller seg og eg må heim.
Å
Åååå. Om eg berre kunne forståååå
alt som hender under sola.
Eg sit på ein stol
med tresmak i hjernen
og sagspon under fingrane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar