Gardina
og lyset
som trengde seg inn
i morgontimen
Du var avkledd
og eg var naken
Slik låg vi der
til fem på to
2)
Enten er ein slik
eller så vert ein slik under lang tid
med opplæring
Eplet veks ikkje langt frå stammen
3)
Eg var eit av dei trea som stod der
med føtene innfiltra i kvarandre var det umogleg
å halde hendene borte
4)
Pulsen
Men stanken som fyljer eit så lite mjukt dyr
er ikkje til å tru.
5)
Rosene.
Dei som kjem om vintaren
og dei som kjem etterpå.
Du lukter annleis no
når det er eg som vaskar kleda.
6)
Vekedagene ligg i vaskehaugen.
Skortene dine
lukta av usynleg svette.
Innsatsen
og resultata det året.
7)
Kuskit og skuggar som liknar sæd.
Noko heng fast med ei knappenål
og noko dirrar i lufta av vår og matos.
Eg er.
Du var.
8)
Det er skilnad på å være åleine heime,
og å kjenne seg einsam.
Ei fluge kvikknar til.
Ei fluge frå eller til.
9)
Det brann.
Eg kjende pusten din bak i nakken min.
Med augo i nakken såg eg
ei smerte utan kubikkmeter.
10)
Forsvarstillinga du inntek når piggane er ute.
Du er ikkje den einaste.
11)
Eit sekund
og eit sekund seinare.
Vekta og det som vert flytta med maskinell kraft.
The man
and the machine.
12)
Lukta,
og nasen til ein gris frå eit anna land.
Å ha svin på skogen
og barnåler i bukselommen.
13)
Dei kjeder seg i takt med sykkelkjeder og halskjeder og kjedekollisjoner og andre butikk kjeder.
14)
Innanfor,
i etasjen over der du bur.
Eg framkallar bileter i eit mørkt rom,
svært innspiret
Trinn frå ein framand fot.
15)
Du står att framfor ei grav.
Skuggen klamrar seg til steinen.
Du held hendene på ryggen.
Gipsen går i oppløysning.
16)
Du vasker andletet i vatnet frå ein sølepytt.
Pytt sann!
Det er så lite vi kan gjere med børa
og alt vi burde.
17)
Syng meg inn under dyna di.
Høneskinn.
Eit glas iskald mjølk som får tunga til å slikke seg om lippene.
Eg høyrer eit mjau.
18)
Treet som veks,
og det som fell.
Saga og planken
Dei som koblar seg på naturen.
Eit unaturleg samspel
i temperert skala
Syng naturleg
Alt tenor
Falsett
19)
Utan tenner kom du inn i heimen.
Du vart værande ei lang tid;
før tennene kom,
var
og vart borte.
Kom attende.
Kom heim.
20)
Nyvaska og ubarbert kraup du inn under dyna.
Naboane flytta inn og ut
og du sat i stolen du alltid hadde stolt på.
Ingenting er så godt som steikt fisk.
21)
Det var umogleg å krype inntil deg den natta.
Eg ville knust om eg ikkje hadde lista meg ut av romet.
Hjarta hamra hol i madrassen.
22)
Grow with the flow.
Go go.
Det er to ting eg eig;
med ærefrykt
og kalde hender.
23)
Kom inn
og ta meg med ut.
I refleksjonane ser eg,
lukker augo
og ser deg.
No,
som ein gong.
Då.
24)
Vatnfargar
og eit eventyr ein ikkje klarer trenge inn i.
Ei opning så stor som eit barnehovud.
Du skrik i lyden av eit ekko.
25)
Kysset.
Armane som ein gong haldt deg fast.
Du kjende hjarte banke.
Skuggane løyser seg opp og du ler.
26)
Blomen drikk,
bøyer hovudet og kikker ned i bordplata.
Tårene fossar.
Snart er huset vårt
vått og rått.
27)
Now, beyond and forever.
Inngravert i gifteringen,
i eit skinande nattelys.
Eg ropar til ein måne
over hovudet på deg
den utan hår
28)
Du fann hverken orda eller lyden.
Årsaken eller husgrunnen.
Eg høyrde ikkje,
ville ikkje
hoste.
29)
I mellomromma mellom innpust
før du pusta ut
kraup eg inn i tida før bleiene var oppfunnet
eg sette meg på ein stein
nynna litt
bøgde meg ned
og plukka opp ein blome.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar