mandag 28. mars 2011

så kaldt det er her

Eg går forbi dei,
går forbi meg sjøl,
går, med hendene utanpå bukselommane,
går på to føter
og stopper opp ved eit tre.

Lenge sidan sist.

Eg er kald på kinna.
Klør under hua.
Snotten renn.
Eg står ved treet vårt,
som ikkje lenger står der.
Solbrillene dogger.
Eg snufser inn.

Kjenner denne lukta,
av jord
og gler meg til å leggje meg på bakken.

Eg venter berre litt,
venter til du kjem,
venter til tida legg seg framføre meg
langflat og avventande.

Ja, eg har høyrt det
i eit haiku eg ikkje kan hugse:
at det skal være kaldt der,
nær paradis.



18. oktober 2009 kl. 22.07

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar