Enno ein gong får eg komme attende til denne herlige staden du pleide kalle for vår. Hausten skin i det kastanjefarga håret. Kvistar knekk under føtene. Tonnevis av bøker ligg uleste i vedskjulet. Du innsåg brått at du aldri ville få nok tid, difor bruker du kjærleikshistoriane til å varme opp stova.
I skumringstimen samler vi saman greiner til bålet. På eit handskrive postkort ba du meg kome til deg, ein siste gong. Og no er eg her, full av anger. Gjøymer meg bak spegelblanke solbriller. Eg trur eg har eit sjal rundt det sletne håret. Underleppa skjelv. Eg stryk handa ned langs hofta. Kjenner den raude underkjolen inntil kroppen, den same du bada i komplimenter. Utan å tenke over det kler eg av meg, plagg for plagg. Dei raude strømpene ligg samankrylla på den tårevåte bakken. Før eg veit ordet av det står eg naken ved vatnet, til venstre for treet på det fargerike maleriet til Kiefer. Kjenner eg eit vindpust frå nord. Eg ser hytta dampe. Kjenner småstein under føtene.
Ei fluge sett seg like til høgre for venstre brystvorte. Det tek pusten frå meg.
Du putter hendene i lommane og kikker på meg med brune djupe auge.
Vi høyrer bølgeskvulp og vipeskrik, som den gong då.
26. september 2009 kl. 21.10
Du putter hendene i lommane og kikker på meg med brune djupe auge.
Vi høyrer bølgeskvulp og vipeskrik, som den gong då.
26. september 2009 kl. 21.10
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar