
Det einaste vi hadde til felles, var alt det vi ikkje hadde. Nasane var nærmast blå, i den kalde frosten. Snøkrystallane var det einaste klare, i den avkrystaliserte natta. Lysekrona klirra i takt med taket. Du tok tak i eit par nasehår. Nappa dei ut, og slapp dei varsamt ner på golvet der vi sat, inneklemde i kvarandre. Fastfrosne i ein innbilt kulde, som kunne teke livet av kven som helst.
22. september 2009 kl. 12.18
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar