eg sletter orda om det skoddelagte landskapet som omgir huset der eg skruer på vasken og let vatnet renne. eg sletter orda om at eg står der og ser og høyrer og fornyer meg i lyden og synet av rennande vatn. det er noko så kontrollert og forutbestemt i dette røyrlagte, temde. ei bølge av gråt i brystet og ei munnfull spytt bakom tennene.
6. april 2011 kl. 13.02
onematePOETikon
Eit ord til middag, eit ord til kvelds.
onsdag 6. april 2011
tirsdag 5. april 2011
tvilen kommer den tiltalte til gode
klart jeg var sinnsyk i gjerningsøyeblikket
hemningsløs svevde jeg over bakken med en hjerne av stål og bommull
navnet ditt, navnet ditt
klart jeg hvisket navnet ditt
hele natten
stemmen
Eg ber deg ein gong,
berre ein gong ber eg deg kome bort
til bordet der eg sit.
Hendene
og servietten som suger til seg vatnet.
Ringen på fingaren som har vore borte i så mykje.
Denne handa har opplevd så mykje som ho aldri kan fortelje
ikkje til deg,
denne handa sit så langt frå den raude munnen.
Dei nypussa tennene og dei oppetne neglene.
Servietten trekker til seg vatnet
som havner på bordet når du tek ein slurk av glaset ditt
og ler;
spruter vatn utover bordet
og brevet som ligg der.
Eg kan ikkje lenger hugse deg, ordrett.
Ordlyden.
Berre du kunne sette saman histora på den måten.
Eit godt liv kan ein ikkje garantere seg.
Ein skal ha respekt for alt det ein kunne ha vorte,
om ein hadde vorte verande.
Kvart over åtte slår du eit telefonnummer.
Ein indrestemme
kan
endre alt.
berre ein gong ber eg deg kome bort
til bordet der eg sit.
Hendene
og servietten som suger til seg vatnet.
Ringen på fingaren som har vore borte i så mykje.
Denne handa har opplevd så mykje som ho aldri kan fortelje
ikkje til deg,
denne handa sit så langt frå den raude munnen.
Dei nypussa tennene og dei oppetne neglene.
Servietten trekker til seg vatnet
som havner på bordet når du tek ein slurk av glaset ditt
og ler;
spruter vatn utover bordet
og brevet som ligg der.
Eg kan ikkje lenger hugse deg, ordrett.
Ordlyden.
Berre du kunne sette saman histora på den måten.
Eit godt liv kan ein ikkje garantere seg.
Ein skal ha respekt for alt det ein kunne ha vorte,
om ein hadde vorte verande.
Kvart over åtte slår du eit telefonnummer.
Ein indrestemme
kan
endre alt.

netthinna
Du set deg framfor tv, ser på ein krimserie, fullpakka med bileter som du inderst inne ikkje ynskjer å behalde på netthinna. Kvifor held du oppe augo. Kvifor lukker du opp augo om morgonen. Kvifor opner du munnen når vekkerklokka ringer, lyfter handa og får mobilen til å halde opp med å ringe. Augevippene er håplaust svarte. Du kan ikkje la være å legge merke til dei mjuke hoftene.
Femten år seinare lurte du på om du hadde endra deg. Du klypper neglene og kjøper eit par joggesko. Eit lilla par joggesko skal føre deg til verda sin ende.
Det vil ingen ende ta.
5. april 2011 kl. 15.47
Brems!
Å få med seg alt i livet.
Genetikken
og alt ein ikkje kan gjere seinare.
Når andletet har vorte gamalt.
Å selje seg høgstbydane.
Å gi seg til verda,
gi slepp på noko,
hengi seg.
Ein heilt vanlig dag av det uvanlieg slaget.
Eit egg og ei eggcelle.
Eit hjata så hardslåande og bankande at dørene opnar seg
Genetikken
og alt ein ikkje kan gjere seinare.
Når andletet har vorte gamalt.
Å selje seg høgstbydane.
Å gi seg til verda,
gi slepp på noko,
hengi seg.
Ein heilt vanlig dag av det uvanlieg slaget.
Eit egg og ei eggcelle.
Eit hjata så hardslåande og bankande at dørene opnar seg
det er ikkje gull alt som glimrar
Forbannelsen heng som ei lysekrone i taket.
Vinden spelar på dei polske krystallane.
Lyset formeirar seg,
regnebogefarga breier det seg utover
Vekker ei fluge som har overvintra i stova
17. juli 2009 kl. 15.43
mandag 4. april 2011
som om livet skal vare evig
Eg vil henge att i eit ekko
frå sko: pollerte og listande.
Trinn og tastaturklikk skal forfylje deg dit.
Du plantar eit tre.
*
Mi er verda og det som fyller henne, den little tida eg er tildelt tribuneplass. Eg heier på dei kvite, dei blå og dei med raude kinn.
*
Brystet skal heve seg når ho ler, og ho skal le så klingande og lystig at smilebånda havnar på sjukehus med strekkskader.
*
Eg dreg langt ned i lungene hennar, finn eit myrulldekorert landskap
som vaiar i dei svake innpusta.
*
Eit frimodig hjulbeint hjarta, med pulsslag
som hamrar på trommehinnene til dei som står i nærleiken.
*
Som ein avventande orkideknopp, som brått opnar seg og står der
- som om livet skal vare evig.
*
Eit insiterande vesen med ein garderobe i gjennomsiktige spindelvevkostymer
kjem til å ta pusten frå kven som helst
*
Kleda, sommerfuglvengjefarga merinoullklede utan glidelås, mjukt mot huda som held henne saman.
*
Eg ville føde fjørlette føter med silkemjuke sko, ei verhårkjenslege røyrsle skulle smyge seg gjennom livet; i ei svak lukt av vaniljestang.
ugras
Dei syng No livnar det. Heile skapingen stundar. Herifrå og fram til sumaren ligg eg der, før avisa skriv om atter som eit under: nytt liv av daude gror. Opp av den jordpålagt kroppen veks det no noko grønt.
4. april 2011 kl. 17.18
Alle ord er brukt opp, alle orda som eingong var
Du skal stå oppreist før du sett deg, og du skal leggje beslag på dei songane dei andre har hatt på leppene sine. Stemmebanda deira skal vibrere ukontrollert og fram mot hagen skal du bærast av seks sterke menn. Han eine skal sette seg i stolen. Han kan ha ein grå pelsen på skuldrene og gullringen rundt fingaren til venstre er muligens svært stram og nedsleten. Han skal be deg oppføre deg som støv. Han skal be deg å telle dine dagar, så du kan få visdom i hjarta, og du skal høyre på han. Tru og vert vis, for du veit ordet av det.
handleliste og skolisse og liste over dette andre...
Eg ville føde fjørlette føter med silkemjuke sko, ei verhårkjenslege røyrsle skulle smyge seg gjennom livet i ei svak lukt av vaniljesaus.
ei siste tåre- på eit romtemterert kinn
Augo hennar, dei spell levande vakre augo: foreviga som djupe tjern av innsikt. Dei lange stilkane sloss om vatnet i den avlange oasisen. Liljene overlevde lengst. Publikum hang med hovuda sine heile ettermiddagen. Dei sat samanbunde med usynlege ståltrådar. Bryna rynka seg. Dei kraftige øyreflippane rasla og den overjordiske høyrselen lista seg inn under skallebeinet. Det fleirstemte koret heiv seg opp på dei hjarteskjærande tonane. Dei sprengde veggane: Songen framkalla ei siste tåre på eit romtempererte kinn.
Ho trakk dei til seg, inn i huset. Med svoltne hjarter fylte dei magesekken med orgelspel og fugleskrik. Dei var samla no; sangstemmane med svanelange nygerrige halser. Skulderputene sat langt frå kvarandre.
(Alle ord var sagt, musikken stillna. Du var den einaste som kunne bevare minna av dette aldri stumme menneskje, som i bronse var komen for å bli.)
Ho trakk dei til seg, inn i huset. Med svoltne hjarter fylte dei magesekken med orgelspel og fugleskrik. Dei var samla no; sangstemmane med svanelange nygerrige halser. Skulderputene sat langt frå kvarandre.
(Alle ord var sagt, musikken stillna. Du var den einaste som kunne bevare minna av dette aldri stumme menneskje, som i bronse var komen for å bli.)

I byrjinga var ordet, svart og hemningslaust
Eg opnar ei bok. Les dei tre fyrste sidene. Eg hentar kleda i vaskemaskinen, heng opp dei tre øverste sokkane. Eg opner brødskuffa, finn fram ein ostehøvel. Eg går ut i hagen med ei spade. Plukker opp ein stein og kaster han inn under busken som skiljer meg frå naboens familieliv.
Eg syklar til biblioteket. Sett meg inne i ei krå med tre som allerede sit der. Bak meg sit ein som streker under. Eg kjenner att lyden og snur meg ikkje.. Etter eit kvarter er det ein som strekk kroppen sin; han tek ein slurk av vatnflaska si, gir frå seg dyriske strekkpåkroppenlydar. Ho som sit bak han fyljer opp med ein insiterande gjespelyd. Magen min lagar kamellydar. Eg har ete, tarmane skrik og knirkar og syng. Eg vurderer å reise meg frå den turkise plaststolen å finne ein anna krok, utan så mange øyrer.
Kva i all verda ligg til grunn for at ein ynskjer å skrive ei heil samenhengjande bok. Folk får ungar som dei må fylje opp. Kan eg føde ein tekst, som skal vekse og formeire seg i vrimmelen; ei annsamling bokstøv- så intenst at det ville få ein allergiker til å nyse på flekken.
fredag 1. april 2011
mandag 28. mars 2011
Edens hage
Viste du at edens hage befinner seg to bussstopp fra der du bor? Kommer du tidlig slipper forbi køen! ps:Ignorer den klamme følelsen, når lyset skrues på og lerretet blir mørkt. Når sceneteppet trekkes for og du sitter tilbake midt i stolrekken, mellom maur som kreler ut og etterlater ett stort tomt rom.
28. oktober 2009 kl. 07.40
solstikk
han elsker deg ihjel. elsker deg med UVstråler som får det til å kribler under huda. han slikker deg med soltunga si, og forlet deg i sanda på stranda. same ettermiddagen lister du deg opp trappa, merker at du har snudd genseren på vranga, men døra har smekklås. det er for seint å snu. for seint å væra etterpåklok.
28. oktober 2009 kl. 07.27
så kaldt det er her
Eg går forbi dei,
går forbi meg sjøl,
går, med hendene utanpå bukselommane,
går på to føter
og stopper opp ved eit tre.
Lenge sidan sist.
Eg er kald på kinna.
Klør under hua.
Snotten renn.
Eg står ved treet vårt,
som ikkje lenger står der.
Solbrillene dogger.
Eg snufser inn.
Kjenner denne lukta,
av jord
og gler meg til å leggje meg på bakken.
Eg venter berre litt,
venter til du kjem,
venter til tida legg seg framføre meg
langflat og avventande.
Ja, eg har høyrt det
i eit haiku eg ikkje kan hugse:
at det skal være kaldt der,
nær paradis.
18. oktober 2009 kl. 22.07
går forbi meg sjøl,
går, med hendene utanpå bukselommane,
går på to føter
og stopper opp ved eit tre.
Lenge sidan sist.
Eg er kald på kinna.
Klør under hua.
Snotten renn.
Eg står ved treet vårt,
som ikkje lenger står der.
Solbrillene dogger.
Eg snufser inn.
Kjenner denne lukta,
av jord
og gler meg til å leggje meg på bakken.
Eg venter berre litt,
venter til du kjem,
venter til tida legg seg framføre meg
langflat og avventande.
Ja, eg har høyrt det
i eit haiku eg ikkje kan hugse:
at det skal være kaldt der,
nær paradis.
18. oktober 2009 kl. 22.07
fugletrekk
Eg står påkledd. Har eit blått flanellhandklede i hendene. Ventar at du skal dukke opp i frå det iskalde vatnet. Det neste eg hugser klokkeklårt, er at du står framfor meg. Stivfrosen og mykje høgare enn eg forventa.
5. oktober 2009 kl. 21.40
under bordet

Det einaste vi hadde til felles, var alt det vi ikkje hadde. Nasane var nærmast blå, i den kalde frosten. Snøkrystallane var det einaste klare, i den avkrystaliserte natta. Lysekrona klirra i takt med taket. Du tok tak i eit par nasehår. Nappa dei ut, og slapp dei varsamt ner på golvet der vi sat, inneklemde i kvarandre. Fastfrosne i ein innbilt kulde, som kunne teke livet av kven som helst.
22. september 2009 kl. 12.18
det vokser ikke epler på alle tre
Du vet ikke hvor lenge du har stått slik, med nesen mot barken og luktet på dette nyoppdagede treet. Du har trukket luen godt nedover ansiktet, og håper ingen kjenner igjen den lyse bobblejakken. Du feller tårer og trær, sørger over at fargene ikke kan trøste deg. Sinnet løser deg opp og du er mo i knærne og gele i kroppen og skjelven i buksene og hjertet er bankende tilstedeværende i brystet, for første gang på evigheter. Du oppdager en bul i buksa. Drar frem en tollekniv du hadde glemt at du hadde der. Med ungdommelig iver skjærer du navnet hennes inn i stammen. Årringene dine skinner, og gullet på den høgre fingeren er glødene og i all hast drar du av deg den giftige ringen, kaster den på bakken og ser den forsvinne fornøyelig nedover i løvet.
22. september 2009 kl. 13.11
22. september 2009 kl. 13.11
Solbleket spor av ekteskap

Ringefingeren, som er uten ring, har et tydlige innhykk ved det nederste leddet. Solen har ikke sluppet til her på over tjuve år, og nå skinner den hvite huden, som et nyarvet arvegods. Nypusset går du ut i hagen. Luker opp det du finner av stauder. Du får jord under neglene, og går på butikken uten å vaske deg. Du er på vei inn i et nytt kappittel, som fremdeles er uten tittel.
Hovedoppgaven din er avsluttet. Du fikk beste karakter, men hva skal man med vitnemål, om man er uten karakterisktisk trekk?
Du trekker på skuldrene og setter deg i trekken fra kjøkkendøren. Du åpner en øl, uten å tenke på hvilken ukedag du sitter i. Klisteret på skiene sitter forsatt fast på jakken din. Du bestemmer deg for å kjøpe deg en ny. En ny lyseblå bobblejakke. Det er det eneste du vet, herifra og utover. En lyseblå start.
22. september 2009 kl. 13.22
vår
Enno ein gong får eg komme attende til denne herlige staden du pleide kalle for vår. Hausten skin i det kastanjefarga håret. Kvistar knekk under føtene. Tonnevis av bøker ligg uleste i vedskjulet. Du innsåg brått at du aldri ville få nok tid, difor bruker du kjærleikshistoriane til å varme opp stova.
I skumringstimen samler vi saman greiner til bålet. På eit handskrive postkort ba du meg kome til deg, ein siste gong. Og no er eg her, full av anger. Gjøymer meg bak spegelblanke solbriller. Eg trur eg har eit sjal rundt det sletne håret. Underleppa skjelv. Eg stryk handa ned langs hofta. Kjenner den raude underkjolen inntil kroppen, den same du bada i komplimenter. Utan å tenke over det kler eg av meg, plagg for plagg. Dei raude strømpene ligg samankrylla på den tårevåte bakken. Før eg veit ordet av det står eg naken ved vatnet, til venstre for treet på det fargerike maleriet til Kiefer. Kjenner eg eit vindpust frå nord. Eg ser hytta dampe. Kjenner småstein under føtene.
Ei fluge sett seg like til høgre for venstre brystvorte. Det tek pusten frå meg.
Du putter hendene i lommane og kikker på meg med brune djupe auge.
Vi høyrer bølgeskvulp og vipeskrik, som den gong då.
26. september 2009 kl. 21.10
Du putter hendene i lommane og kikker på meg med brune djupe auge.
Vi høyrer bølgeskvulp og vipeskrik, som den gong då.
26. september 2009 kl. 21.10
rykk tilbake til start
Det var dette jeg hadde håpet på; at den realistiske realismen skulle opphøre.
En monopol-lignende stemme hvisket at jeg måtte tilbake til start. Jeg husker ikke at jeg trådte over noen målstrek. Ingen hadde trykket på stoppeklokken, ingen hadde sagt klar ferdig eller gå. Plutselig gikk jeg baklengs bakover til jeg kom til en ullgenser som lå slengt innunder stolen du satt på. Jeg tok tak i en oransje tråd.
Masken din falt og maskene forsvant oppover mot halsen. Der nøstet vi oss sammen, med vranga ut.
22. september 2009 kl. 12.40
En monopol-lignende stemme hvisket at jeg måtte tilbake til start. Jeg husker ikke at jeg trådte over noen målstrek. Ingen hadde trykket på stoppeklokken, ingen hadde sagt klar ferdig eller gå. Plutselig gikk jeg baklengs bakover til jeg kom til en ullgenser som lå slengt innunder stolen du satt på. Jeg tok tak i en oransje tråd.
Masken din falt og maskene forsvant oppover mot halsen. Der nøstet vi oss sammen, med vranga ut.
22. september 2009 kl. 12.40
På tide å lukke vinduet
Høsten er her,
kulden tar kverken på bladene.
I avisen står det om en morder,
som er uten anger.
Sett dem i fengsel.
Ett fire stjerners hotell,
med utsikt mot havet.
Jeg trekker gardinet for lemmene.
Gjemmer meg inderst i sofaen,
under teppe,
det som klør.
Kulden tar tak i sjelettet,
rister meg helseløs.
Sommeren etter finner han meg,
møllspist og full av lus.
14. september 2009 kl. 17.29
kulden tar kverken på bladene.
I avisen står det om en morder,
som er uten anger.
Sett dem i fengsel.
Ett fire stjerners hotell,
med utsikt mot havet.
Jeg trekker gardinet for lemmene.
Gjemmer meg inderst i sofaen,
under teppe,
det som klør.
Kulden tar tak i sjelettet,
rister meg helseløs.
Sommeren etter finner han meg,
møllspist og full av lus.
14. september 2009 kl. 17.29
Enkelseng
Jeg står oppreist fremfor sengen.
Det er så mye enklere å reie opp en enkel seng.
Har bare ett egg igjen i kjøleskapet.
Det er automatisk mitt.
Ensom blir jeg først, når jeg sitter på busssen.
På vei ut i det åpne kontorlandskapet.
Omgitt av lydene fra folk som summer i bikuben.
Jeg aner ikke engang hvem de tror er dronning her.
Sjefen har røde lepper, men er langt fra ugift.
Hun vekker meg om natten.
Står over meg, en gedigen ensomhet uten skjelett.
14. september 2009 kl. 13.42
Det er så mye enklere å reie opp en enkel seng.
Har bare ett egg igjen i kjøleskapet.
Det er automatisk mitt.
Ensom blir jeg først, når jeg sitter på busssen.
På vei ut i det åpne kontorlandskapet.
Omgitt av lydene fra folk som summer i bikuben.
Jeg aner ikke engang hvem de tror er dronning her.
Sjefen har røde lepper, men er langt fra ugift.
Hun vekker meg om natten.
Står over meg, en gedigen ensomhet uten skjelett.
14. september 2009 kl. 13.42
Gamle lopper hopper bukk
Eg står med nasen i eit ukjent syskrin.
Det stikk i brystet.
Her lukter ikkje det same, som heime.
Nålauga er trongt.
Kjolen min er tettsitjande.
Her står eg oppreist.
Vever, med ureine slektsledd.
13. september 2009 kl. 20.58
Det stikk i brystet.
Her lukter ikkje det same, som heime.
Nålauga er trongt.
Kjolen min er tettsitjande.
Her står eg oppreist.
Vever, med ureine slektsledd.
13. september 2009 kl. 20.58
Nymåla
Enno ein gong står eg oppreist,
litt til høgre på det kvitdekorerte jordet.
Melis ramlar nedover støvlekantane.
Bakanfor dei krystaliserte brilleglasa skimtar eg den støvtørre historia. Du har framleis ikkje fortalt meg alt.
Du plukkar opp ein stein,
pressa til overflata av uforståelige krefter.
Målbundet av den mållause bakken.
23. august 2009 kl. 17.41
litt til høgre på det kvitdekorerte jordet.
Melis ramlar nedover støvlekantane.
Bakanfor dei krystaliserte brilleglasa skimtar eg den støvtørre historia. Du har framleis ikkje fortalt meg alt.
Du plukkar opp ein stein,
pressa til overflata av uforståelige krefter.
Målbundet av den mållause bakken.
23. august 2009 kl. 17.41
vakenettene
Tunggodset kjem kjøyrande på våt asfalt.
Lasteplan med sementerte bekymringar.
Dei sletne vindaugsviskarane etterlett sand på netthinna.
18. august 2009 kl. 12.06
Lasteplan med sementerte bekymringar.
Dei sletne vindaugsviskarane etterlett sand på netthinna.
18. august 2009 kl. 12.06
Tom emballasje
Eg brukar sjekke søppelet ditt
for å ha ei aning om korleis du har det.
Eg ser kva du et
og kvifor nokre klær du kvittar deg med.
På tirdag
kasta du den grøne strikkegensaren,
den du fekk av meg til jul.
Eg hadde ikkje hjarta til å gi slepp på han,
difor tok eg plagget med meg heim.
Eg må ha vorte slankare sidan sist,
for no passe han heilt perfekt.
I grønt sit eg,
og i det grøne kan eg framleis lukte deg.
10. august 2009 kl. 17.02
for å ha ei aning om korleis du har det.
Eg ser kva du et
og kvifor nokre klær du kvittar deg med.
På tirdag
kasta du den grøne strikkegensaren,
den du fekk av meg til jul.
Eg hadde ikkje hjarta til å gi slepp på han,
difor tok eg plagget med meg heim.
Eg må ha vorte slankare sidan sist,
for no passe han heilt perfekt.
I grønt sit eg,
og i det grøne kan eg framleis lukte deg.
10. august 2009 kl. 17.02
ett enslig tre
Vinden har løyet
hvorfor skal ikke vi lyve?
Vi står under treet
to cm fra der vi traff hverandre
fire cm fra der vi skal forlate hverandre
innekapslet i løgnens puppe
Med sommerfugler i magen,
og følehorn i pannen
forlater jeg før i går og dagen før
En due letter fra de lyse krølltangkrøllene
Du er alltid fin på håret
8. august 2009 kl. 15.03
hvorfor skal ikke vi lyve?
Vi står under treet
to cm fra der vi traff hverandre
fire cm fra der vi skal forlate hverandre
innekapslet i løgnens puppe
Med sommerfugler i magen,
og følehorn i pannen
forlater jeg før i går og dagen før
En due letter fra de lyse krølltangkrøllene
Du er alltid fin på håret
8. august 2009 kl. 15.03
Eg veit du høyrer
Eg veit at du høyrer når eg vrir meg i svevnen. Eg snur meg og møter deg, dei uregistrerte nattetimane. I draumen slepp eg tak, men om morgonen er hendene knytte.
Eg held fast
i dette kvite.
5. august 2009 kl. 12.28

lommekjend
Han held den eine handa i lomma og vandrar lommekjend bortetter vegen. Han ser underleg liten ut der han forsvinn ut av sikten. Eg ser syner. Tykkjer så visst at eg ser ei kråke på skuldra hans.
5. august 2009 kl. 12.09
5. august 2009 kl. 12.09
heimestrikka
Det er ein gong, og innanfor er det eit kjykken. Der sit eg. Mondag, mens alle dei andre har reist til kontora sine. Eg sit og prøvar å forklare meg sjølve kva, som er viktig i verda. Eg har lagt avisane i vedkorga, for ikkje å slukast av dette uhandterlege, uregjerlege. Hjernen er innetulla i ei hjemmestikka hue i mjuk ull.
5. august 2009 kl. 12.08
5. august 2009 kl. 12.08

sommarfugl effekten
Men så sit eg inni denne utsletne joggebuksa, som aldri har jogga ein meter, og lurer på kva i all verden folk skriv om... Ein raud silke kjole som angrip med med kvasse klør?
Eg ser og ser og ser ingenting som ser ut som mitt. Ein spegel ligg på golvet i 3 betar. Den var den som vekte meg i dag. Kabom, knus. Vinden kasta han ner frå veggen. Kva tyder vel det?
4. august 2009 kl. 10.57
Eg ser og ser og ser ingenting som ser ut som mitt. Ein spegel ligg på golvet i 3 betar. Den var den som vekte meg i dag. Kabom, knus. Vinden kasta han ner frå veggen. Kva tyder vel det?
4. august 2009 kl. 10.57
bondens håndtrykk
Bonden er den absolutt beste håndhilseren. Håndtrykket hans er fast og klart, og han holder den smale bleike pianohånden min lenge, i sin. Jeg kikker på de tjukke arbeidshandskene av slitesterk hud, kjenner fingrene mine bli blå, mens jeg bytter vekt fra høyre til venstre fot, biter meg i underleppen og gruer for å spørre om han har en gressklipper han kan låne meg.
3. august 2009 kl. 13.47
3. august 2009 kl. 13.47
løgndetektor
jeg skal invistere i en løgndetektor, for å være sikker på om jeg skal tro på deg, når du sier at jeg er fin på håret, når du stryker meg over kinnet og sier at du elsker meg, da skulle jeg hatt detektoren under kjøkkenbordet, sammen med lydopptakeren jeg allerede har plassert der, for å høre om du sier det høyt nok, klart nok, og nå lurer jeg på om det er sant, at du elsker meg høyere enn himmelen.
3. august 2009 kl. 11.54
3. august 2009 kl. 11.54
folk ler av deg
De dagene du holder deg hjemme er det stille på puben,
folk har ingenting å le av.
De trenger noen der, som klarer å drikke seg fra elendigheten.
1. august 2009 kl. 15.35
passasjer passerer forbi
1. august 2009 kl. 15.23

solbær og rips
Jeg henter solbær og ripssyltetøy opp fra fryseboksen. Prøver å gjennfinne sommerens se-vitaminer.
De solfylte dagene da vi så alt,
da C`ene og sommefulene flakset rundt i magen.
Det kriblet og gav en ubeskrivelig følelse av vektløshet i hele legemet.
22. september 2009 kl. 17.11
De solfylte dagene da vi så alt,
da C`ene og sommefulene flakset rundt i magen.
Det kriblet og gav en ubeskrivelig følelse av vektløshet i hele legemet.
22. september 2009 kl. 17.11
poetisk arbeidskvardag

Det er så mange ting som distraherer ein arbeidsdag. Alt frå lokkande kaffislabberas til andre meir frivillige gjeremål, som å vaske klede eller rydde i ei rotete kjøkkenskuffe. Det vanskelige med å være diktar er; at ein ikkje kan garantere for at ein heil dag på kontoret vil resultere i noko. Ein uinspirert føremiddag kan gå med på å knekke og ruge på ei setning som allereie er oppfunnen, kanskje til og med av ein annan diktar. Helge T for eksempel; han har laga ei heilt genial setning: Gå heim og kyss din kvardag!
Kan hende eg vert meir inspirert av å ta meg ein spasertur tenker eg. Kler meg godt og nyt den friske vinterlufta. Brått slår ein setning ned i meg, ja eit heilt dikt utformar seg i skallen min, men så har eg gløymt penn og papir. Hendene er polstra med svære vottar, og før eg får tasta inn orda på mobilen, så har dei flørta med vinden. Eg spring etter dei medan dei snurrar og dansar i store kast. I det eg er like ved å sette fingrane mine i dei, kjem eit nytt pust og virvlar dei framfor meg. Eg må ha likna ein klovn der eg ligg, strekk ut i grusen, med tomme never og blanke augo.
Eg reiser meg opp, ser raskt til høgre og venstre, ventar meg naboens blikk i nakken, men her er ingen ute. Eg går innom postkassa på vegen heim, men ho er tom. Ho heng der på det nedfalne vedskjulet, dekorert med skygge bokstavar; liknar ei grøn bås bøtte. Sjølvsagt var ho tom. Kven skulle skrive brev no for tida. Dei aller fleste har tastatur og pc, og dei som ikkje har det, er ikkje av den strukturerte typen som kjem seg til eit postkontor sånn midt i veka.
Brått kjem eg i hug at eg har gløymt å drikke kaffi. Det er sikkert difor eg kjenner meg så matt og trøytt, tenker eg glad. Trør av meg skoa i gangen, tek meg ikkje tida til å setje dei inn i hylla, nei, no må eg sjå få i meg litt kaffi i ein fart. Glad sett eg vatn på kok, tek fram eit stort kurs frå skåpet, men, så er det tomt i kaffiboksen. Pokker!
Eg tek alt ut or kjøkkenskåpet, i håp om at det kanskje ville gøyme seg ei pakke ein stad, men utan hell. I staden finn ein boks med sodd og kjenner ganske tydelig at eg er svolten. Kok. kok. Maten smaker nydelig. Eg riv ost på toppen, og drysser på litt grov peppar. Mmm! Eg et så eg er mett og vel så det. No skal det smake med kaffi, tenker kroppen, men hovudet er på vakt med det same. Augo kastar eit blikk på benken, synet av den tome boksen gjer meg arg, og utan å tenke noko vidare over det, hiv eg boksen i golvet, trør han flat med den høgre foten, og kastar han hardt ned i bøtta med metallavfall. Sint går eg frå bordet. Inn på kontoret. Kyss din kvardag du liksom.
4. august 2009 kl. 10.20

hvordan punktere en sykkel?
1) stikk hull i dekket med en skarp gjennstand
2) skriv at du stikker hull i hjulet en svartlakkert sykkel, som etterhevrt blir flat som en pannekake, og du hører lyden av metall når den triller bortover den våte asfalten, og spilene er i ferd med å miste feste, men det merkeligste av alt er at sykkeleieren nettopp har handlet og går med to tunge bæreposer på hver side av rattet, i tillegg ber han en venninne med seg hjem, og vet du hva; hun får sitte bakpå.
1. august 2009 kl. 12.45
torsdag 24. mars 2011
Eit ord til middag, eit ord til kvelds...
Poetinnen drøvtygg bokstavkjeks og poteter.
Ingenting heng på greip.
Frå navlelo til fingerspiss.
Tastaturet ser ikkje sine eigne begrensningar.
Kva er vel eit vepsestikk mot alt dette andre?
Eg får ikkje orda mine til å drepe,
same kor mykje eg prøver.
Brått vert alt borte og stille.
Eg tenkte berre eg skulle nemne det.
Ingenting heng på greip.
Frå navlelo til fingerspiss.
Tastaturet ser ikkje sine eigne begrensningar.
Kva er vel eit vepsestikk mot alt dette andre?
Eg får ikkje orda mine til å drepe,
same kor mykje eg prøver.
Brått vert alt borte og stille.
Eg tenkte berre eg skulle nemne det.
tida og dragen og vinden og du
Draumane fyk
som ein drage over hovudet ditt
Tida tek tak
i håret ditt
Du spring
bortetter strandkanten
med bare føter
og sand i augo
som ein drage over hovudet ditt
Tida tek tak
i håret ditt
Du spring
bortetter strandkanten
med bare føter
og sand i augo
19. september 2010 kl. 12.02
Ikkje på mi grav!
Hissige tankar rundt festen som kjem etterpå
Dersom eg skulle døy, skal sentralborddama ikkje ein gong få ta på kista, dersom eg vart lagd i ei. Ho kan grine så mange tårer ho vil, men meg eig ho ingen oblat i. Ho kan berre våge å luke vekk eit einaste ugras. Ikkje på mi grav. Då skal eg ikkje berre snu meg i graven, eg skal sende eit vindkast så kaldt og surt at ho ville skynte seg heimover.
Dersom eg skulle døy, skal ho ikke få sjå meg dø. Ho kan kome til kyrkja som alle dei andre, om ho vil det. Ho kjenner vel at ho må og burde fylje kista ut til det svarte holet, men for meg kunne ho heller reist på kafe og gumla i seg nokre smørbrød med reker der.
Dersom eg skulle døy kan folk skriva navnet sitt i hulter til bulter på sløyfa, på kransen. Gjerne speglevendt og baklengs og den minst viktige øverst i gull, og den kjæraste lite, i siste liten, med ein blå kulepenn. Eg skal ha regn i begravelsen uansett. Heile himmelen skal grine for meg, over alt det eg ikkje rakk å oppleve. Eg ville leve lengst mulig. Eg skal verte 96 år.
Om eg skulle døy skal eg gjøyme den kvite huda, inn under kistelokket fortast mogleg. Folk kunne gjerne skrible på kistelokket, dei kunne tapensere den med fotografi i frå den gongen då dei kjende meg som best. Dei kunne kviskre ut i lause lufta, om det var noko dei ville seie meg, men ikkje til den kalde kroppen. Sjela er ikkje der, og det er meiningslaus å brenna fast ein haug med knoklar på netthinna. Eg vil være dau i fred.
Dei kan pakke meg inn i ull, med ei mjuk varm dyne. Eg likar metaforen med at ein kviler. Å gå bort. Å slutte å snorke. Om det var sterke bærarar, og eg ikkje var så altfor feit, kunne eg ha nokre gode bøker i kista, litt gull og eit par fine lommesteinar. Ikkje for at eg trong det, men for at dei kunne lure; om dei mot formodning skulle grave meg opp att. Eg tenke meg å balasarmerast. Kva om dei fylde kista med gips. To former. Så kunne dei opne den opp når eg var vekke; lage ein fin skulptur til grava. Eg har høyrt at dei har ein skanner, som kan lese av alle punktene og deretter skjære forma ut med lasar. I tre eller stein. Det hadde vore noko. Ein smilandes glad skulptur på toppen av grava, som kunne vinke til dei som ruslar på stien nedanfor, dei som snakkar om livet og kor dei skulle liggje etter at dei vert kalde.
lommerusk
tirsdags fabuleringar
eg skruer på kaldtvatnet
let vatnet sildre
vil ikkje at dei i naboromet skal høyre
at eg tømer blæra
den tyrste i ørkenen
nårlauge
og han du ikkje kan sakne ubegrensa
dei som skaper moten
dei som fyljer etter
eg kryp inn i kleskåpet
vert sitjande der halve føremiddagen
let vatnet sildre
vil ikkje at dei i naboromet skal høyre
at eg tømer blæra
den tyrste i ørkenen
nårlauge
og han du ikkje kan sakne ubegrensa
dei som skaper moten
dei som fyljer etter
eg kryp inn i kleskåpet
vert sitjande der halve føremiddagen
25. mai 2010 kl. 13.28
S-laget
så kvardagslige vi er
kvar for oss
saman
så hjelpelause i kva vår tru
ho som skulle verte lærerinne
og ho som aldri vart noko
eg kjende meg einsam med det same
bak handlevogna
ein raud oppvaskbørste
eg kunne vore forutan mykje meir
kvar for oss
saman
så hjelpelause i kva vår tru
ho som skulle verte lærerinne
og ho som aldri vart noko
eg kjende meg einsam med det same
bak handlevogna
ein raud oppvaskbørste
eg kunne vore forutan mykje meir
25. mai 2010 kl. 17.42
usminka og nymalt
Huset har fire andlete
liksom hjernen
To kvite og to grå
Vert aldri heilt sikker
på om det er finsida som vender ut
mot vegen
og folka som rir forbi der
Usminka og nymalt
liksom hjernen
To kvite og to grå
Vert aldri heilt sikker
på om det er finsida som vender ut
mot vegen
og folka som rir forbi der
Usminka og nymalt
28. mai 2010 kl. 09.55
full tillit til svanemerket
Huset og lukten som var her før jeg flyttet inn.
Den motoriske tvtittingen og vi to som ennå ikke har levert inn adresseendring.
En tankevekker. Vekkerklokken tikker og vet at det aldri kommer en ensfarget sucsess som banker på hoveddøren. Det er alltid noe som dør, noen planter man glemmer å vanne. Det finnes tomatplanter og andre som ikke liker den røde smaken. Vi sitter i hver vår ende og lurer på hvordan vi endrer oss med årene. Hårene er de første avslørende gråsonene vi ikke kan rømme fra.
Fødeavdelingen er nedlagt, og eggene som ble lagt tidlig den våren ble knust før kyllingen klarte å komme til overflaten. Valnøttsgulv og svanemerket parkett. Oppussing uten budsjett og markedsanalyse. Huset og veggmalingen som var en helt feil og usedvanlig farge.Innsiden av heimen og hun som ventet på han som aldri kom.
Svanemerket.
Jeg kan forsatt se det for meg.
Veggklokken skrudd opp på veggen.Alt man kan henge seg opp i. Håret, på hode eller leggene, leggvarmere og negler som glinser, putetrekk og sofa. Timing og sofaleveranse. Ikke en dag å miste. Epletreet blomstrer og jeg får ikke sett nok. Det ligger regn i luften. Ikke sett deg i sofaen med malebukse. Ta av deg på beina.
Jeg kler meg i klærne dine. Trekker beina opp under haken. Sitter i den brune skinnsofaen og faller inn og ut av duften av basillikum.
Gjør din entre!
Sjokker meg.
Riv ned tak og vegger.
Gi meg mer en jeg forventer av et opppussningsobjekt.
rotekropp
Å lage orden i ein kvardag full av rot.
Eg ristar det flygande teppe ut or glaset. Sett glasbetane i kjøleskåpet. Hiv lakenet til vask og tek på eit nytt skinn, det kvite med fregner. Løvet legg eg i bunker på skrivebordet.Vatnar skrivemaskinen. Sorterer tusjane etter naboen sine gardin.
Rote rydde rote rydde
Å aldri verte ferdig med dette

langt ute på jordet....
Sakner dei små plassane der ein kan gå inn og setje seg ned og bestille ein kaffi og nyte vårsola innanfrå eit nyvaska vindu.
Eg sit med jord under neglene. Kjenner bakken bite, kontrolerte morse signal; kulde. Augo myser automatisk mot det skarpe vårlyset. Heile føremiddagen har eg flytta på den svarte jorda. Lass på lass, i ei tralle med berre eit hjul. Ei båre.
No byrjar det å mørkne. Eg parkerer trillebåra ved garasjen. Med ei spade bankar eg jorda flat, som resten av dette jærske landskapet. Midt i den friske molda grev eg ned ei tue snøklokker, henta frå ei krå inn under eit av trea. Eg tek berre halve tua. Pyntar med runde skjell. Plantar tankar om ein gjenstand eg har mista. Kvil i fred. Kvil. Eg sår. Dyrkar grønsakshage. Veks vesle sennepsfrø, veks!
Eg er kledd ei ein kvit nattkjole. Huda er nærast blå på denne tida. Føtene er bare. Den blaute bakken dreg kroppen nedover for kvart steg. Bortetter, bortover. Snart er eg så langt heimanfrå, at eg ikkje kan sjå det raude huset der vi budde.
Fuglane har vendt tilbake. Dei seier det er Lerka. Dei gamle kan høyre på lyden kva det er slags skapning som flyg over hovudet på oss. Eg kallar dei ufoar. Svarte, grå og kvite ufoar, med skarpe grådige nebb, som elskar. Augeeple og epleskrottar. Namm. Kra-krammm.
Midt ute på jordet legg eg meg på kne. Kryp omkring på leit etter steinar. Bygger meg ei lita borg og inntek forsvarstillinga. Knytte hender. Spendt overkropp.
Eg må ha sovna slik, for eg vaknar av at den eine foten søv. Det pip. Det er mobilen min, som av ein eller anna grunn har fulgt etter meg. Han heng fast i den eine fletta, virra inn i håret som ein floke. Hendene er så frosne at eg slit med å trykke på den grøne knappen. Der, gjennom røyret, og like nær øyra mitt høyrer eg stemmen din. Det er du, det er deg, ler eg! Eg har sakna deg så lenge.
2 og 4

Kalven og alle som kan stå på fire føter.
Dei som kan stå på to,
og dei som kan danse så dei tek pusten frå deg.
7. februar 2011 kl. 00.43
Tungtransport

Du vaskar deg i vatnet frå ein sølepytt
Speglar deg i lyset frå månen
Så liten du er
Ein lastebil på veg vidare
15. februar 2011 kl. 14.00
ord utan gullkant

Eg skal male eit bilete, så svart at mørket vert usyneleg.
Der, midt i eit bortgløymt ekko skal eg møte deg med opne armar. Eg skal halde rundt deg til du sovnar. I draumen skal du ri på ein hest med kvite føter. Ei høg røyst skal rope til alle fuglane, og dei skal ete seg mette. Raudt er kjøtet, mørt og fylt av kjærleik. Hjarta som hamrar og hammaren som slår på sparegrisen til han knuser.
Eg skal halde rundt deg til du sovnar. Når munnen din opnar seg skal eg puste kvite dunfjør rundt i rommet. Du skal flyge utan vinger, og glorien din skal lyse som ei lommelykt.
Høyr, du som har øyrer. Våren gror. Såra klø, og når frostrøyken står ut av munnen vår, skal vi gå på vatnet. Vi skal halde kvarandre i hendene med same kraft som svanene som flyr over hovudet på oss.
Du skal slutte å tenke. Full av tillit skal du legge handa di mot den mjuke hestemulen. Det skal væra tri ting som er for underfulle for deg, og fire ting du ikkje skjønar. Ørna skal flykt inn i mørket og du skal verta blenda av den lysande sola som går ned i vest.
Du skal ete, og så skal du torke deg rundt munnen og seie at du ikkje har gjort noko gale. Mauren skal formeire seg under månen, og mette skal dei danse i mjuk melis. "Det er tri som går med stolte skritt og fire som har vakker gange."
Grip fatt i dagen si ukneppa skjorte og kle deg i silkemjukt edderkoppspinn. Et sukkerspinn og le som ein uredd.
Vær ikkje redd, for dei kjem ikkje inn i dette fløyelsmjuke mørke. Dei som har vaks i håret og dei som brukar kam. Her er lukta av ekte svette. Dialekta di er ærleg og du møter spegelen utan å blunke. Sei elfenbein. Rop Hjørnetann. Vær her hjå meg, og kom heim når du kjenner magen rumle.
Di er verda og det klarer halde mellom hendene. Dikt deg ei himmelseng, og legg deg til å sove i den mjuke ulla. Ein dag ventar på deg, og han er avkledd og utan knoppar. Årringane kler på deg, og andlete ditt er brodert med smilerynker.
Herifrå og heile vegen vidare kaller eg deg med navn. Du flaksande, blomstrande. "Klypp det lange håret ditt og kast det!"
"Kven er det som fell og ikkje står opp, reiser og ikkje kjem attende?"
Midt i eit bortgjøymt ekko skal eg finne deg, og du skal ha knokklar av gull og augo dine skal lyse i mørket, slik dei gjer på kattar som er ute på jakt.
"Til sist, i dager som kjem, skal du forstå det heile"
Som ein kalv som ikkje er temma skal du forsvinne ut på det kløvrande jordet og jorda skal halde pusten. Lev vel!
27. februar 2011 kl. 20.39
Abonner på:
Innlegg (Atom)